GOD JUL!

imagesU5YYRRCV

Vi vil ønske alle våre lesere en god og velsignet jul med
sangen av Haldis Reigstad:

Gå inn til den gleda som ventar,
gå like til Betlehem.
Det barnet som ligg der i krubba,
skal gjera deg glad igjen.
Han rann som ein kvist or den tørre jord,
Guds lovnader kviler på han.
Det nyfødde livet der inne
frå døden oss frelsa kan.
2)
I natta som er utan ende,
ei strålande stjerne skin.
Den vegen du finn gjennom ordet,
går like til barnet inn.
Han rann som ein kvist or den tørre jord,
Guds frelse til menneske kom.
Vi ser i det nyfødde livet
den himmelske herlegdom.
3)
Gå inn i den fattige stallen,
gå inn til eit morgongry.
Der får du eit møte med Jesus,
i han vert du fødd på ny.
Han rann som ein kvist or den tørre jord,
Gud planta sitt heilage sæd.
:/:Vi bøyer oss stille for Kongen
Som kom til vår jord med fred.:/:

Tekst: Haldis Reigstad 1995
Tone: Irene Krokeide Alnes 2004